PST ønskjer fleire telefonar frå lokalavisene:
– De har stor tillit i befolkninga
08.05.2026 | Tillit og demokrati
Tryggingstenestene vil at journalistar utanfor dei store byane skal ta kontakt oftare. Ei ny kursrekke skal gjere lokalavisene betre rusta til å sjå samanhengen mellom det globale trusselbiletet og det som skjer i lokalsamfunnet.
– Det er svært sjeldan at journalistar i lokalavisene tek kontakt med oss. Det er synd, seier seniorrådgjevar Eirik Veum i Politiets sikkerhetstjeneste (PST).
Sjølv om PST er i dagleg dialog med dei store riksmedia, saknar dei kontakt med lokalaviskontora. Ifølgje Veum er lokalavisa ein heilt sentral kanal for å nå ut til befolkninga med viktig informasjon, fordi tilliten til lokalavisa er så stor.
– Vi ønskjer å bli brukt som kjelde når journalistane skriv om trugselsituasjonen i Noreg, som terrorfare, radikalisering, ulovleg etterretning eller trugslar mot offentlege personar. Lokalavisene er viktige for folk. Dei blir lest og dei har stor tillit i befolkninga, seier Veum.
Ein vekkjar for redaksjonen
For å tette gapet mellom nasjonale tryggingsstyresmakter og lokale medium, har organisasjonen UTSYN og Landslaget for lokalaviser (LLA) denne våren starta eit omfattande kursprosjekt for dei 130 medlemsavisene i LLA.
Saman med eksperter på sikkerheit, forsvar og beredskap, skal UTSYN besøke lokalaviser over heile landet for å gje oppdatert kunnskap og kompetanse om feltet, tilpassa den regionale konteksten.
Målet er å stimulere til meir kritisk og undersøkande journalistikk om forsvar og sikkerheit og samarbeid på tvers av avisene på feltet.
I Telemark deltok 15 journalistar og redaktørar frå tre aviser på kurset i midten av april. Hilde Eika Nesje, ansvarleg redaktør i Bø blad, skildrar kurset som ein viktig «vekkjar».
– Å få eit slikt perspektiv på trusselbiletet var både inspirerande og interessant. Vi fekk konkrete tips til korleis vi kan jobbe med område som vi kanskje gløymer litt i den lokale kvardagen. Det er sunt å gå ut av den lokale bobla og minne oss sjølve på at vi også er ein del av den globale verda, seier Nesje.
Meir enn berre terror
Gjennom kurset lærte redaksjonen i Bø at beredskap og tryggleik handlar om langt meir enn berre terroråtak, radikalisering og spionasje.
Kursdeltakarane fekk også innspel på kva funksjon lokalavisene har i å bevare eit sunt og konstruktivt ordskifte, og unngå polarisering og mistillit.
– Vi fekk nyttige innspel til korleis vi kan sjå eit heilskapleg trusselbilete. Det handlar òg om kva vi kan vere med på å førebyggje, som til dømes farlege strøymingar som svekkjer demokratiet, seier Nesje.
Ho trekkjer fram at kurset gav redaksjonen nye innfallsvinklar til kjelder som Heimevernet, Sivilforsvaret og andre som jobbar med å trygge samfunnet, og at dei lærte korleis dei faktisk kan få kommentarar frå PST i Oslo til lokale saker.
Kjeldekritikk og eit sunt ordskifte
UTSYN sine eigne ekspertar deltar også på kursa. Dagleg leiar Ingrid Vik og prosjektleiar Amund Trellevik tek føre seg den sivile delen av den norske beredskapen.
– Vår jobb er å styrke den demokratiske beredskapen og bidra til at samfunnet er betre rusta til å handtere eit informasjonslandskap som skapar splid og radikalisering, og som i ytterste konsekvens svekkjer norsk tryggleik og motstandskraft, seier Vik.
Lokalavisa si rolle i totalforsvaret
Bjørn Martin Brandett, som driv fleire lokalaviser i Innlandet, meiner kurset er ei viktig bevisstgjering av rolla lokalavisa spelar i det norske totalforsvaret. Før påske deltok over 20 av hans tilsette i eit tilsvarande kurs i Kongsvinger.
– Kurset ga oss nokon vegar inn til viktige personar i Forsvaret og Heimevernet, og forståing av korleis PST, Heimevernet og Forsvaret jobbar, kva dei kan fortelje, og kva dei ikkje kan fortelje, seier han.

Foto: Mitt Kongsvinger
Han legg til at kurset også var ei nyttig bevisstgjering av kor viktig lokalmediene er i det norske demokratiet, presentert i ei uformell ramme.
Hilde Eika Nesje i Bø blad nøler ikkje med å tilrå kurset til andre LLA-aviser:
– Vi har eit stort ansvar i beredskapsarbeidet når det gjeld informasjon. Ny lærdom har alle godt av, og dette kurset er ein viktig del av det arbeidet, seier ho.
Landslaget for lokalaviser og dets 130 lokalaviser er UTSYNs partner i prosjektet. Politiets sikkerheitsteneste og Forsvaret deltek på førespurnad frå UTSYN.
Ta kontakt om du ønskjer dette kurset i ditt nærområde. Det to timar lange kurset er gratis, takka vere støtte frå Amediastiftelsen og bidrag frå LLA. Tips oss gjerne om du veit om eit høve der fleire lokalaviser skal vere samla, så kan vi forsøke å få til dette kurset på same tid.
UTSYN, LLA og Samarbeidsdesken ønskjer å bidra til at journalistane som har vore på kurset får jobba med kritisk og undersøkjande journalistikk på feltet, gjerne på tvers av aviser. Ta kontakt dersom du har idear til saker eller samarbeid:
Amund Trellevik, journalist og prosjektleiar i UTSYN:
amund@prosjektutsyn.no, mobil 414 40 565
Laila Borge, redaksjonell fagmedarbeidar i LLA:
laila@lla.no, mobil 99 46 26 87
| OM PROSJEKTET UTSYN er prosjektleiar og utformar programmet saman med Landslaget for lokalaviser (LLA). Samarbeidsdesken er òg ein del av prosjektet. Prosjektet er økonomisk støtta av Amediastiftelsen og LLA. UTSYN sine egne ekspertar planlegg og leier kursa. Representantar frå PST og Forsvaret deltar på førespurnad frå UTSYN. UTSYN er ein uavhengig og ideell organisasjon som jobbar for å styrkje sivilsamfunnet si evne til å forstå og handtere truslar mot demokrati og tryggleik. UTSYN mottar støtte frå Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet, Norad, Fritt Ord og Amediastiftelsen. |
Saken ble først publisert av LLA 07.05.26 her.